Kamprapport

Seriekamp 30. april 2016 · 15:00 Sauda stadion 85 tilskuere
1–3
Rosseland BK
Dommer: Tore Risanger

Hendelser

Sauda Rosseland BK
  1. Atle Mehus Gult
  2. 4'
  3. Pause
  4. Roger Birkeland Mål
    59'
  5. 63'
  6. 78'
  7. 79'
  8. 85'
  9. 86'
  10. 87'

Lag

Sauda

Startoppstilling

1 Stig Fremann Buer2 Kristian Årthun3 Daniel Fatnes17 Roger Birkeland5 Mats Sørensen Haugen6 Stian Johnsen Nordvik7 André Hansen8 Andre Lilleskog9 Atle Mehus10 Eirik Birkeland15 Ronny Hauge

Innbyttere

12 Ådne Listøl14 Hane Mohammad11 Harry Øverland16 Jarl Larsen4 Simon Negasi Tsada19 Simen Hølland

Kamprapport

Rosseland gjekk knallhardt ut og skapte to svære sjansar i dei to første minutta. Sam Danby og Kristian H. Magnusson vart stoppa av ein god Sauda-keeper som tok det meste av skot med meir kraft enn presisjon. I det 4. minuttet kombinerte Rosselands spisspar på nytt, Magnusson gjekk for presisjon i staden for kraft og det stod 1-0 til dei oransje. Rosseland køyrde på, men dette var dagen då effektiviteten framføre kassen ikkje var på topp. Enten redda Sauda-keeperen eller så var presisjonen for dårleg. 0-7 i klare målsjanser til pause, men berre ei knapp 0-1-leiing.
Sauda skapte ingenting, men fekk betalt for å forsvara seg med mykje folk og køyra kontringar. I det 59. minuttet fekk dei frispark eit par og tredve meter frå målet til Kristian Monsen. Ballen gjekk på uforklarleg vis i mål og laga var sensasjonelt nok like langt.
Utlikninga tende Rosseland, som ikkje hadde reist heilt til Sauda for å tapa poeng. Paul Ove Laland sende Rosseland tilbake i leiinga med eit flott langskudd i det 63. minuttet. Kampen levde på 1-2, «veggen» Stig Fremann Buermen heldt heime laget inne i kampen. Fem minutt før slutt var flaksen tilbake på dei oransjes side. Midtstoppar Eirik Monsen sende avgårde ei klarering frå eigen banehalvdel. Ballen stussa ein gong på det våte føret og spratt over Saudas reservekeeper som nettopp hadde kome inn.