Hendelser
-
Hans Undheim Mål6'
-
Paul Ove Laland Mål13'
-
Hans Undheim Gult21'
- Pause
-
64'
-
64'
-
68'
-
73'Geir Inge Nes Gult
-
76'
-
77'
-
84'
-
84'
Lag
Rosseland BK
Startoppstilling
- 1Joachim Malmin Kverneland
- 2Jan Rune Hoff
- 6Eirik Monsen
- 16Sindre Meling
- 4Even Sel
- 10Svein Arne Monsen
- 14Per Haugland
- 19Anders Hognestad
- 34Paul Ove Laland
- 6Hans Undheim
- 9Kristian Heimdal Magnusson
Innbyttere
Bogafjell IL
Startoppstilling
1 Asbjørn Rostrup2 Christian Nøttveit3 Trond Egil Helleland4 Eirik Larsen5 Tore Bjerk10 Rune Stakkeland12 Stian Idland14 Tor Jarle Ramsland18 Roger Os21 Christer André Pinto22 Jone Helgøy
Innbyttere
6 Geir Inge Nes24 Cato Lie Carlsen34 Mirnas Bjaramovic37 Sander Nybak Urdal39 Aleksander Eikeberg42 Frode Ree
Kamprapport
Fem dagar etter den litt tamme seriestarten mot Skjold, var det bokstaveleg tala eit anna Rosseland-lag som synte seg fram mot Bogafjell. Fem endringar på troppen og raske, friske bein i form av Kristian Magnusson og Hans Undheim skulle tidleg visa seg å verta utfordrande for det mildt sagt rutinerte Bogafjell-laget.
Hans Undheim vart sett opp av Magnusson etter seks minutt, og då keeper kom ut fekk venstrekanten ein grei jobb med å senda heimelaget i føringa.
Sju minutt seinare var Paul Ove Laland på farten. Etter fint veggspel fekk høgrekanten hjelp då distanseskotet skifta retning i ein stødig Bogafjell-back.
Heimelaget var best i alt sjølv om Rune Stakkeland og co. fekk nokre halvsjansar på dødball. 2-0 til pause var ikkje eit mål for lite. Hans Undheim og Svein Arne Monsen hadde gode sjansar til å auka før sidebyttet.
Bogafjell ga ikkje opp. Då Rosseland slapp seg litt ned eit stykke ut i andre omgang pressa dei kvite og svarte sandnesgaukane ein kort periode. Då var det godt å ha fart og kontringskraft i Kristian Magnusson. Den lettbeinte spissen reiv sund Bogafjell-forsvaret med sine smarte løp og var berre hindra av stolpen i det 61. minuttet. Sju minutt seinare fekk han endeleg løn for strevet. 3-0 var ein skikkeleg susar via tverrlegger og i mål.
Heile Rosseland-laget framstod mykje betre enn i seriepremieren. Det var meir fasong over det offensive og pottetett bakover. Paul Ove Laland var svært nær 4-0 då eit frekt langskot frå 40 meter gjekk rett over målet til Asbjørn Rostrup. Svein Arne Monsen prøvde seg på direkte frispark eit kvarter før slutt, stolpen stod i nok ein gong i vegen. Kampen enda 3-0, men sigeren kunne vore dobbelt så stor.