Hendelser
-
24'Håkon Rein Mål
-
Aleksander Midtsian Gult33'
- Pause
-
46'
-
63'
-
68'
-
Emil Selliken Mål69'
-
Even Sel Gult77'
-
80'
-
83'
-
83'
-
88'
Lag
Rosseland BK
Startoppstilling
- 1Joachim Malmin Kverneland
- 2Jan Rune Hoff
- 16Sindre Meling
- 4Even Sel
- 8Aleksander Midtsian
- 10Svein Arne Monsen
- 14Per Haugland
- 20Emil Selliken
- 22Eirik Serigstad
- 34Paul Ove Laland
- 9Kristian Heimdal Magnusson
Innbyttere
Kamprapport
Rosseland har levert fleire tamme omgangar denne sesongen. Haustens fyrste omgang på heimebane var verkeleg dårleg. Løpsvilje, pasningskvalitet og duellspel var langt under pari, og det var fortjent då det unge Staal Jørpeland-laget tok leiinga midtvegs i omgangen. Heimelaget vakna litt etter Staal si scoring, men store sjanser ved Midtsian, Meling og Monsen gav ikkje utteljing.
Etter pause fekk Rosselands engelske nykomar, San Danby, sjansen på topp. Med sin meir direkte stil vart det med eit meir kraft, fart og sting i heimelagets angrep.
På omgangens fyrste sjanse fekk han ballen i beina åleine med keeper, men forsøket vart redda.
Rosseland hadde og ein svært god keeper for dagen. Staal II starta med å slå langt på kjappe Arne Dalehaug, som sprang frå forsvaret og fekk fleire sjansar åleine mot RBK-keeperen. Kverneland stengde buret og vart fortent kåra til banens beste.
18 minutt ut i den andre omgangen løsna det omsider for heimelaget. Kristian Magnusson trakk seg innover i banen og fyrte av eit skot frå 25 meter. Staal-keeperen var ikkje heilt heldig, dermed var laga like langt.
Innbyttar Danby fortsette med å riva og slita i Staal-forsvaret, etter 69. minutt var han sentral då Emil Selliken kunne spasera inn 2-1 i nesten tomt mål.
Etter 79 minutt var Danby igjen farleg frampå etter ein flott soloprestasjon, før han var nest sist på 3-1-scoringa til Kristian Magnusson minuttet seinare.
Snuoperasjon smakte godt etter motgangen i siste kamp mot Nærbø, men Rosseland har framleis eit stykke opp til topplaga. Både når det gjeld poengfangst og stabilitet i prestasjonane.