Kamprapport

Seriekamp 16. oktober 2014 · 19:30 Rosselandsbanen 250 tilskuere
Rosseland BK
9–0
Dommer: Joakim Weme

Hendelser

Rosseland BK Bjerkreim IL
  1. 30'
  2. 37'
  3. 39'
  4. Pause
  5. 46'
  6. 46'
  7. 46'
  8. 56'
  9. 57'
  10. 57'
  11. 57'
  12. 57'
  13. 60'
  14. 78'
  15. 87'
  16. 89'

Lag

Bjerkreim IL

Startoppstilling

1 Kjell Strand Hovland20 Jan Martin Sandstøl27 Morten Solberg5 Fredrik Bringsdal2 Tommie Garheim9 Erik Reed10 Frithjof Aarrestad Vassbø21 Børge Vassbø8 Steffen Slettebø6 Rune Halvorsen20 Kjell Arne Refstie

Kamprapport

Rosseland feira seg sjølv og hylla barnegruppa før den siste seriekampen utan eige klubbhus. Det herska eit mildt kaos på banen og rundt byggjeplassen då dommeren bles kampen i gang, men det tok ikkje mange sekunda før Rosseland sette botnlaget under press.
Are Gabriel Høyland skaut keeperen varm etter berre 26 sekund, medan Even Sels scoring to eit minutt seinare vart feilaktig annulert for hands. Rosseland hamra på døra til den stakkars Bjerkreim-keeperen i 30 minutt før nullen sprakk. 1-0 kom etter corner. Midtstoppar Leif Arne Hognestad hæla ballen via ein Bjerkreim-spelar og i mål. Svein Arne Monsen regisserte 2-0, Are Gabriel Høyland sette returen frå tverrleggeren i tomt mål.
Kaptein Monsen sørga for 3-0 ved sidebyttet og hadde ein eineståande sjanse til å auke til 4-0 to minutter etter pause. Straffesparket var av det dårlege slaget og ballen gjekk høgt over i retning skulen i staden for i mål. Monsen gjorde opp for straffemissen og vel så det. I det 56. og 57. minuttet scora nemlig kaptein to mål, det andre med god hjelp frå Bjerkreim-forsvaret.
Innbyttar Marius Bøe visste og kor målet stod. Åleine med keeper sette kraftspissen inn 6-0. Trond K. Tveit vart rana for 7-0 då dommarane meinte han var offside då han sette inn ein retur under keeper, i staden var det Monsen som vart kredittert si fjerde scoring og lagets sjuande på eit flott langskot i det 78. minutt.
Paul Ove Laland la på til 8-0. Kristian Wickstørm fastsette sluttresultatet til 9-0, også det på eit godt langskot.
Bjerkreim har hatt ein tøff sesong i fjerdedivisjon og var eit tidvis sørgjeleg syn på Rosselandsbanen. Heimelaget skal ha ros for å halda konsentrasjonen og motivasjonen oppe, sjølv om gjestene i heimelagets reservedrakter ikkje kunne by på særleg motstand.