Kamprapport

Seriekamp 25. september 2014 · 19:30 Rosselandsbanen 45 tilskuere
Rosseland BK
2–0
Dommer: Arild Tengesdal

Hendelser

Rosseland BK Figgjo IL
  1. Christer Andre Reinertsen Gult
  2. Pause
  3. 46'
  4. 55'
  5. 63'
  6. 65'
  7. 75'
  8. 80'
  9. 87'

Lag

Figgjo IL

Startoppstilling

12 Kenneth Sæland Espedal
4 Christer Oftedal
16 Christer Andre Reinertsen
15 Kim Espedal Pedersen
19 Robert Tveit
14 Erlend Hovin Thorsen
11 Ole Føreland
9 Runar Valestrand Flåten
7 Thomas Tveit
24 Lasse Dørheim
18 Mikal Haaland Pedersen

Innbyttere

1 Thomas Stangeland
13 Aleksander Boge Nilssen
6 Kristian Winum Thorsen
17 Torger Hetland

Kamprapport

Rosseland hadde berre vunne ein av seks kampar etter ferien og stod i fare for å blanda seg inn i nedrykksstriden med nytt tap heime mot Figgjo. Heimelaget ville visa at dei er for gode til å liggja i botn av tabellen og gjekk ut i hundre mot gjestene frå Sandnes. Even Sel var svært nær scoring allereie etter to minutt, men ei fantomredning av Figgjo-keeper Espedal hindra cornerscoring.
Etter den gode starten roa kampen seg. Figgjo var gjerrige og låg godt organisert, Rosseland var på grensa til feige framover og sleit med å angripa med fleire spelarar samstundes. Nokre spede forsøk gav nokre hjørnespark og halvsjansar, men alt i alt ikkje nok til å setja Figgjo under press.
Andre omgang vart betre, spesielt etter nokre offensive grep frå sidelinja. Den mykje fortente scoringa kom i ein bra Rosseland-periode. Svein Arne Monsen fekk banka eit corner i mål via tverrlegger, og det skulle ikkje meir til før heimelaget våga å sleppe seg laust.
2-0 kom etter flott kontringsspel. Monsen spelte fri kjappe Kristian Magnusson, som scora sikkert åleine med keeper.
Med tommålsleiing var gode, gamle Rosseland med eit å kjenna igjen. Frekke kombinasjonar med pasningsspel på få berøringar, frekke fintar, gode innlegg og vågale skot kom som perler på ei snor. Fleire scoringar vart det ikkje, men det var meir målsjanser det siste kvarteret enn dei første 75 minutta. Sluttspurten og 90 minutt utan baklengsmål lovar godt for avslutninga på sesongen.