Kamprapport

Seriekamp 11. september 2014 · 19:30 Rosselandsbanen 55 tilskuere
Rosseland BK
2–4
Dommer: Ole Gaute Hauge

Hendelser

Rosseland BK Riska
  1. Rene Duås Gult
  2. Pause
  3. 46'
    Helge Arntsen Mål
  4. 46'
  5. Joel Bengo inn Eirik Monsen ut
    55'
  6. 55'
  7. 64'
    Joachim Boxill Knutsen Mål
  8. 66'
    Anders Ommundsen Mål
  9. 78'
  10. 78'
  11. 81'
  12. 85'
    Espen Stangeland Mål
  13. Even Sel Mål
    91'

Lag

Riska

Startoppstilling

6 Aleksander Slettebø9 Anders Ommundsen13 Espen Stangeland15 Helge Arntsen12 Håkon Smalås17 Mads Salvesen11 Morten Ommundsen8 Rene Duås10 Runar Fløysvik4 Thomas Haugland18 Joachim Boxill Knutsen

Innbyttere

16 Kjetil Fjelde22 Knut Magnus Haugland3 Alexander Skavland

Kamprapport

Rosseland stod med tre strake uavgjortresultat før heimekampen mot Riska. Med ein sterk sekstenmannstropp var heimelaget innstillde på å dobla poengfangsten frå dei foregåeande kampane. Etter ein tam start heilt fri for målsjansar, var det gjestene frå Hommersåk som yppa seg for første gong 18 minutt ut i kampen. I løpet av dei neste ti minutta skapte Riska fire gode målsjansar. To skot utanfor og to gode redningar av Eirik Monsen hindra leiing til dei gule.
Rosseland kom etterkvart meir med. Etter 34 minutt fekk Svein Arne Monsen sjansen på frispark frå 17 meter. Riskas fantastisk gode sisteskanse fekk såvidt slege ballen via stolpen og ut. Fire minutt seinare runda Are Gabriel Høyland Riska-keeperen, men vinkelen vart feil og skotet på åpent mål gjekk i nettveggen.
Rosseland gjorde ein grei omgang og kunne vere nøgde med 0-0 til pause. Det var difor ein solid og undøvendig nedtur då Helge Arntsen fekk krangla ballen over målstreken etter ein corner på overtid av omgangen.
Heimelaget gjorde rokeringar i pausen og etter ti minutt av andre omgang, men det var igjen gjestene som var det beste og farlegaste laget. Etter tre store sjansar og gode redningar av Monsen, avgjorde Riska på mange måtar oppgjeret i løpet av to minutt midtvegs i omgangen.
0-2 kom etter fint spel på venstrekanten. Ein Riska-speler var spelt fri, men greide ikkje å setja ballen forbi Kristian Monsen. Returen havna i beina til Joachim Boxill Knutsen som dobla leiinga via stolpen. 0-3 kom og frå venstrekanten. Eit god innlegg fann Anders Ommundsen som kunne heada ballen i tomt mål.
Riska var temposterke og viste seg svært effektive og kliniske føre mål, Rosseland hadde nok med å forsvara seg til ti minutt gjenstod. Gjestene var slitne eller slapp seg ned og frå det 79. til det 91. minuttet skapte Rosseland fire-fem gedigne sjansar. Eirik Serigstad og Svein Arne Monsens forsøk vart avviste av den gode Riska-keeperen, men då innbyttar Anders Hognestad skalla Kristian Wickstrøms presise innlegg i krysset måtte sjølv den levande veggen frå Hommersåk kapitulera.
I fire korte minutt var det håp om ein sluttspurt for å ta poeng, men då Riska kontra inn 1-4 var det definitivt game over. Evel Sel reduserte på eit velplassert langskot på overtid, men Riska, kanskje det beste laget Rosseland har møtt i årets sesong, vann fullt fortjent.