Kamprapport

Seriekamp 28. august 2014 · 19:30 Rosselandsbanen 45 tilskuere
Rosseland BK
0–0
Dommer: Rune Røyland

Hendelser

Rosseland BK Havdur IL
  1. Pause
  2. 78'
  3. 81'
  4. 88'

Lag

Kamprapport

Tre karantenar og ein strekk på oppvarminga gjorde at Rosseland måtte komponera både forsvarsrekkja og midtbanefemmaren på nytt då Havdur kom på besøk torsdag. Vårmøte mellom laga enda med 1-5 og det var tydeleg at Havdur var lystne på å revansjera dei fem baklengsmåla frå slaget på Tjelta. Espen Maldal var hyra inn som forsvarssjef og Rosseland sleit med å skapa sjanser rundt den solide stopparen. Etter 24 minutt smalt ballen i den høgre stolpen bak Havdur-keeperen etter eit godt slått frispark frå Svein Arne Monsen. Fem minutt seinare fekk den venstre stolpen ballkontakt. Marius Bøe lurde eit par Havdur-forsvarar og skaut frå 16 meter, prestasjonen hadde fortent tellande resultat.
Havdur produserte ingenting før det var spelt 35 minutt, då kom det fire sjansar på rappen. TEit par upresise avslutningar og to flotte redninger frå Kristian Monsen hindra Havdur-leiing, men Rosseland kom endå nærare då Sindre Mleing skaut i tverrliggeren minuttet før Rune Røyland bles til pause.
Andre omgang starta som den første, godt forsvarsspel og få sjansar. Etter ti minutt avslutta Are Gabriel Høyland etter ein corner, kun eit Havdur-bein på målstreken hindra leiing. Banens beste, Kristian H. Magnusson var høgt og lågt mot Havdur. Han kunne ha krona ein flott kamp med scoring på halvbrasse etter 67 minutt, men forsøket frå 6-7 meter gjekk over Havdur-målet.
Gjestene frå Tjelta verka til å ha mest å gje dei siste minutta og pressa på for den avgjerande scoringa. Rosseland stod i mot. Joel Bengo rydda opp i stor stil i midtforsvaret, medan Kristian Monsen tok det som slapp forbi forsvarsfireren. Dermed 0-0 i ein kamp som ut i frå antallet store sjansar like gjerne kunne endt 4-4.