Kamprapport

Seriekamp 3. oktober 2013 · 19:00 Hinna kunstgress 45 tilskuere
1–2
Rosseland BK
Dommer: Rune Bertelsen

Hendelser

Hinna FK Rosseland BK
  1. 6'
  2. Christian Brekke Gult
    11'
  3. Kjetil Johannesen Mål
    21'
  4. Pause
  5. 46'
  6. 55'
  7. 76'
  8. 89'
  9. 90'
    Even Sel Gult

Lag

Hinna FK

Startoppstilling

1 Arne Martin Hagenes25 Bendik Aarstad14 Christian Brekke8 Eskild Gilje Helgevold16 Fabian Rennie Linge13 Frode Amdal7 Geir Olav Helgøy17 Hans Arne Silgjerd Haga9 Henry Lohne5 Håvard Josdal Endresen24 Jørgen Sandvold Hansen

Innbyttere

6 Kjetil Johannesen20 Lasse Nordhus22 Magnus Falnes10 Mammadou Yussuf4 Sondre Søberg Risa12 Thomas Mahler Askheim

Kamprapport

Årets siste bortekamp vart ein tøff batalje for eit Rosseland-lag som måtte klare seg utan alle målscorarane og målmannen frå festkampen mot Voll.
Med Are Gabriel Høyland, Eirik Serigstad, Kenneth Grøtteland og keeperane opptekne andre stader, fekk andre spelarar sjansen frå start mot Hinna. Trenar Bore tok plassen i målet, Marius Bøe starta på topp, medan Arne Ravndal Finnby tok Grøtteland sin plass på venstrekanten.
Sistnevnde slo an tonen med sin energiske stil direkte og etter seks minutter avslutta Finnby eit kjempeangrep med å knalla inn 1-0 frå 6-7 meter.
Rosseland hadde ballen mykje og skapte mest i medvinden i fyrste omgang.
Hinna hadde enkelte sjansar, og fekk si redusering då ein dekka Stian Bore måtte sleppa inn det ikkje alt for harde forsøket til Kjetil Johannessen.

Etter pause var heimelaget kvikkast. Vinden tok seg opp og ein periode hadde Rosseland meir enn nok med å forsvara seg. Etter 71 minutt kom ein Hinna-spelar aleine med Stian Bore, men Rosseland-trenaren leverte matchvinnarredning og hindra fleire baklengs.
Så, etter 76. minutt, blei dei få frammøtte på Hinna-banen vitne til ei superscoring! Sindre Meling slo eit presis corner til Svein Arne Monsen på 17-18 meter. Toppscoraren dei siste åra låg sidelengs i lufta og styrde ballen i nota på heil volley/brasse. Kunst! 1-2!
Monsen, som spelte ein kjempekamp på midtbana, tråkla seg fri, slo to tunnellar, og avslutta på nytt like etter, men diverre for Rosseland gjekk det forsøket utanfor.
Innbyttar Paul Ove Laland fekk og ein stor sjanse då Lasse Johannesen spelte han fri på overtid, men Pauli sitt skot gjekk utanfor via stolpen.