Hendelser
-
41'
-
Viktor Østensen Gult42'
- Pause
-
46'
-
Ahmednur Abdirahim Mohamud Gult57'
-
Simen Melhus Mål61'
-
65'
-
65'
-
69'
-
76'Even Aasen Mål
-
78'
-
78'
-
83'
-
83'
Lag
Forus og Gausel IL
Startoppstilling
99 Daniel Gjesteland
2 Karl Magnus Torgrimsen
3 Eric Jacoby-Larsen
5 Andreas Steinsnes-Åsbø
8 Kristoffer Kommedal
7 Viktor Østensen
10 Ahmednur Abdirahim Mohamud
23 Rabih Taissir Abou Kulaib
4 Cairo Nascimento Lima
14 Ørjan Godeset
31 Daniil Vitalievich Slobozhanin
Innbyttere
30 Gabriel Nesheim Leraand
9 ANDERS SVEINSBORG EIDE
21 Simen Melhus
24 Mathias Hilstad
Rosseland BK
Startoppstilling
- 1Steffen Olsson Bolme
- 2Olav Aske
- 4Peter Aarrestad Time
- 7Jarle Madland
- 17Noa Gjøse Oftedal
- 20Even Aasen
- 27Vetle Svalestad Hovland
- 22Einar Tunheim Lye
- 41Truls Sælevik Vagle
- 9Sondre Svalestad Hovland
- 21Ola Mæland
Innbyttere
Kamprapport
Topp mot botn, utsett måndagskamp og eit litt dårleg flomlys gjorde inngangen til måndagskampen litt uviss for begge lag.
Rosseland og FGI kjende litt på kvarandre dei første minutta, og presisjonen var så som så. Begge lag kom til ein sjanse, men keeperane i begge ender hindra tidleg skoring.
Rosseland tok etterkvart over spelet, Vetle Hovland vart stoppa av stolpen. FGI vart trykka bakover, men var farlege på overganger.
Fem minutt før pause skulle det endeleg lukkast for serieleiaren. To skot vart stoppa, men på det tredje forsøket banka Sondre Hovland ballen i mål. Dette var Hovland si 81. skoring for Rosseland
Same mann kunne sett sitt 82. mål like etter, men sette ballen over frå 7-8 meters hald. Jarle Madland var endå nærmare så han traff tverrlegger frå 5 meters hald på gapande mål.
Fortent 1-0-leiing til pause, men eit par mål for lite ut i frå spel og sjansar.
Rosseland-trenar Stokkeland var ganske nøgd med dei første 45, men advarte mot å sleppa seg ned og sleppa inn mål.
Det skjedde likevel. Rosseland slapp seg ned og slapp inn mål. Eit kvarter ut i omgangen greide ikkje gjestene å klarera etter at Steffen Bolme hadde varte opp med ein flott redning og utlikninga var ein realitet.
Heimelaget jubla som om dei hadde berga plassen, men gleden varte berre ni minutt. Innbyttar Kristen Reimes skotforsøk etter corner vart stoppa på halvbrutalt vis og dommar Norbakken peika på straffemerket. Truls Vagle banka ballen midt i mål og sørga på 1-2.
Om ikkje straffeskoringa tok piffen ut av heimelaget, vart det relativ stilt då Even Aasen banka inn 1-3 seks minutt seinare. Ei kanonkule frå langt hald smaug seg under tverrleggeren til Daniel Gjesteland og serieleiaren kunne igjen jubla for tre poeng.
Dei oransje hadde med seg full tropp og nytta høve til å bytta og kvila personell før toppkampen mot Sola laurdag. Robert Undheim og Geir Dahle Høyland var tilbake frå skade og fekk verdifulle minutt i beina.