Kamprapport

Seriekamp 15. september 2026 · 20:00 Rosselandsbanen 111 tilskuere
Rosseland BK
6–0
Dommer: Terese Figved

Hendelser

Rosseland BK Egersund IK II
  1. 13'
  2. Einar Tunheim Lye Mål Str.
    26'
  3. 33'
  4. 37'
  5. 38'
  6. 45'
  7. Pause
  8. 61'
  9. 61'
  10. 61'
  11. 67'
  12. 70'
  13. 70'
  14. 70'
  15. 79'

Lag

Egersund IK II

Startoppstilling

12 Kristian Mattsson Mong
2 Christer Nevland Østebrød
11 Mathias Gravdal Sleveland
22 Tobias Johannessen Skogen
27 Jonas Skulstad
3 Anders Furuløkken Vamråk
16 Johannes Rogstad
77 Jon Eddie Omdal
4 Vegard Ylvisaker Olsen
7 Jonas Ueland Lütcherath
18 Daniel Ghebreyohannes Yrga-Alem

Innbyttere

10 Henos Iskindir Yohannes
13 Adan Ahmed Mohamed
19 Samuel Jacobsson
30 Milkias Iskindir

Kamprapport

Etter ein overbevisande bortesiger mot Midtbygden torsdag, fekk dei oransje besøk av EIK II på Rosseland tysdag. Kveldskamp, flomlys, oransje og gule drakter samt regn og vind sette haustlege rammer på oppgjeret.

Heimelaget var ikkje heilt i hakk frå starten, men spelte seg kraftig opp. Etter ti minutt fann Ola Mæland nettmaskene for første gong, og sidan såg ikkje Rosseland seg tilbake. Jarle Madland vart lagt i bakken etter ein corner, Einar Tunheim Lye var sikker frå straffemerket.

Resten av omgangen handla kun om heimelaget. Tidvis nydeleg og angrepsspel, men gode kombinasjonar og få berøringar gjorde at dei unge EIK-reservane ikkje hang med. Sondre Svalestad Hovland spaserte inn 3-0 etter flott spel. 4-0 var ein flott lobb av same mann, og jammen dukka ikkje Sondre opp og sette 5-0 rett før pause.

Andre omgang var berre nokre sekund gamal då Alexander Skachok hadde ein stor sjanse til å auke leiinga. EIK låg meir bakpå og forsvarte seg betre enn i første omgang, men heilt tett var det ikkje. Ola Mæland sette sitt andre, via eit EIK-bein midtvegs i omgang.

Heimelaget gjorde ei rekkje bytter, til og med på keeperplass. Åtte av ni kom inn frå benken og fekk verdifull speletid. Mellom anna var Truls Vagle tilbake etter fire månaders skadeavbrekk.

Rosseland jaga fleire mål, men det handla like mykje om å halde nullen for andre kamp på rad. Det heldt og Rosseland kunne bokføre 6-0, tre nye poeng og 10-0 på dei to siste kampane mot svakt plasserte Midtbygdens og EIK II.

Sondre Hovland vart kåra til banens beste etter ekte hattrick, men det var mange gode på Rosseland tysdag. Jarle Madland utmerka seg før han måtte ut med skade, Noa Oftedal var frisk på venstrekanten og Ola Mæland herja dei gongene han ikkje tok eit touch og to for mykje.