Hendelser
-
16'
-
20'Eirik Bergli
- Pause
-
Olav Aske Gult48'
-
Ola Mæland Selvmål53'
-
55'
-
Even Aasen Gult59'
-
65'
-
68'
-
78'
-
85'
-
90'Peter Grude Malm Gult
-
92'
-
92'
Lag
Rosseland BK
Startoppstilling
- 1Sem Aleksander Bergene
- 2Olav Aske
- 4Peter Aarrestad Time
- 7Jarle Madland
- 17Noa Gjøse Oftedal
- 20Even Aasen
- 8Geir Dahle Høyland
- 15Sander Ystanes
- 22Einar Tunheim Lye
- 9Sondre Svalestad Hovland
- 21Ola Mæland
Innbyttere
Frøyland IL
Startoppstilling
33 Elias Havsgård Handeland2 Jone Bjerkreim Kleppa4 Sebastian Lilleøre22 Tron Olav Bjerkreim Kleppa24 Peter Grude Malm5 Erik Endresen Veivåg6 Håvard Alme8 Daniel Horpestad Kennedy7 Bjørnar Bråten-Klovning9 Henrik Handeland10 Eirik Bergli
Innbyttere
11 Andreas Bregård30 Aksel Nisja Lundeby
Kamprapport
Eit ungt Frøyland-lag i heilkvite drakter stod lågt og tok imot eit meir offensivt Rosseland-lag i regnet på Rosselandsbanen torsdag. Heimelaget fekk ikkje heilt til angrepsspelet og vart litt utålmodige då sjansane ikkje vart omsett i skoringar. Frøyland-keeper varta opp med nokre \»umulige\» redningar.
Etter 16 minutt fekk heimelaget omsider uttelling, men det måtte ein dødball til. Eit innkast frå høgre vart forlenga til Ola Mæland, som fann Geir Dahle Høyland på blank goal. 1-0!
Frøyland svara like etter. På lagets første sjanse, ei nydeleg kontring regissert av Daniel Kennedy, enda hos Eirik Bergli som plasserte ballen forbi Sem Bergene. 1-1.
Gjestenes andre store sjanse kom like etter, men denne gong gjekk Bergene seirande ut av duellene.
1-1 til pause var greit nok ut i frå store sjansar, men Rosseland hadde ein del meir å by på framover enn dei få kontringane og dødballane Frøyland hadde å by på.
I andre omgang var det Rosseland som skulle få skoring på kontring. Even Aasen fossa opp langs venstrekanten og slo hardt inn føre mål. Ola Mæland og Frøyland-stoppar Erik Veivåg duellerte føre mål, og ballen gjekk kontant inn i nettet. Sjølvmål eller ny Mæland-skoring, uansett 2-1 til Rosseland.
Målskorar Høyland måtte ut med skade like etter, Vetle Hovland kom inn på midtbanen og brukte ikkje mange minutta på å setja sitt preg på kampen. Ola Mæland var igjen involvert då han kriga til seg ballen og fossa mot Frøyland-målet. Toppskoraren la tilbake til Vetle Hovland som banka inn 3-1, game over.
Rosseland kunne og burde ha skora fleire den siste halve timen. Frøyland hadde ingenting å by på offensivt og heimelaget hadde fleire friske bein å setja inn. Gode redningar frå Handeland og litt nøling føre mål gjorde at det ikkje kom fleire mål, men den fjerde sigeren på rad over Time-naboen var aldri trua.