Kamprapport

Seriekamp 26. mars 2026 · 19:00 Aarbakkebanen 150 tilskuere
0–4 e.o.
Rosseland BK
Dommer: Benjamin Helbak Lunde

Hendelser

Bryne FK II Rosseland BK
  1. 5'
  2. Jakob Apalset Vassbø Gult
    14'
  3. Christoffer Voll Gult
    15'
  4. 16'
  5. 22'
  6. 41'
  7. Pause
  8. 46'
  9. 47'
  10. 63'
  11. Mario Elias Bøe Gult
    69'
  12. 73'
  13. 73'
  14. 76'
  15. 79'
  16. 86'
  17. 86'

Lag

Bryne FK II

Startoppstilling

24 Jakob Apalset Vassbø2 Noa Gjøse Oftedal4 Emrik Andersen5 Christoffer Voll21 Espen Krogedal6 Lucas Roland7 Joachim Årstad Gursli8 David Aksnes11 Håkon Tveit9 Daniel Ellingsen Hodneland10 Brede Sørensen

Innbyttere

99 Andreas Ghezai Grøttjord3 Mario Elias Bøe14 Emil Vassbø16 Aleksander Bratli Pedersen17 Simon Aarstad

Kamprapport

Rosseland var store favorittar i seriepremieren mot eit svært ungt Bryne 2-lag torsdag. Gjestene fulgte same oppskrift som mot Bogafjell laurdag, gjekk hard ut og pressa høgt. Heimelaget gjorde feil og Rosseland kom til store sjansar. Geir Dahle Høyland ordna 0-1 etter berre fire minutt og Rosseland fortsette å mala. Dominansen var stor den første halve timen.
I det 14. minuttet vart Albert Braut Tjåland spelt fri, og i det han runda keeper i stor fart mot det åpne målet vart han klippa ned av Brynes sisteskanse. Eit i utgangspunkt soleklart raudt kort vart berre gult frå dommaren, men i det påfølgande frisparket fekk same Braut Tjåland straffespark.
Truls Sælevik Vagle skora på ellevemetersmerket – 0-2.

Geir Dahle Høyland var ikkje ferdigskora. Først sette han ballen i tomt mål etter ein duell med keeper, så sette han ein retur i tomt mål på overtid av første omgang. 0-4 til pause var ikkje eit mål for lite med tanke på den tidvise dominansen.
Albert Braut Tjåland hadde ikkje dagen føre mål, heller ikkje då Kristen Reime ga han sjansen då begge to var åleine med Bryne-keeperen.
Tjåland, Vetle Hovland og Johannes Thrana hadde alle enorme sjanser til å auka i andre omgang, men det blei med fire skoringar i oppgjeret som etterkvart vart ein transportetappe mot sluttsignalet.

Det unge Bryne-laget hadde ein del ball etter kvilen, men skapte lite offensivt. Heller ikkje då Rosseland vart redusert til 10 mann mot slutten hadde heimelaget noko særleg å koma med framover. Albert Braut Tjåland fekk sjå det raude kortet då dommeren meinte han gjekk for hardt til i ein duell.