Hendelser
-
Stian Frafjord Mål
-
19'
- Pause
-
60'Herman Rugland Mål
-
Stian Frafjord Gult68'
-
86'
Lag
Bogafjell IL
Startoppstilling
1. Andreas Smalås
5. Benjamin Svendsen
6. Gaute Tønnessen
15. Torger Haga Brueland
99. Elliot Emil Larsen
8. Andreas Eikeskog
9. Jonas Østvold
19. Jens Espeland
24. Vegard Schanke Grude
67. Svein Olav Mosvold
11. Stian Frafjord
Innbyttere
12. Johannes Øen Grova
7. Morten Nybak Urdal
17. Hans Christian Flåto
30. Andreas Sætre
34. Halvor Homdrom Helleland
47. Noah Scharpf
77. Sivert Skjæveland
Rosseland BK
Startoppstilling
- 1Steffen Olsson Bolme
- 2Olav Aske
- 4Peter Aarrestad Time
- 5Jakob Berland
- 7Jarle Madland
- 20Even Aasen
- 8Geir Dahle Høyland
- 17Eskil Tjåland
- 22Einar Tunheim Lye
- 28Herman Rugland
- 41Truls Sælevik Vagle
Innbyttere
Kamprapport
Rosseland hadde full kontroll bakover, men var tannlause framover. Dei sjansane dei skapte traff ikkje mål eller vart plukte opp av Bogafjell-keeperen.
Dei oransje mangla mykje offensiv kraft til bortekampen mot Bogafjell. Suspensjon, skader og sjukdom ramma spesielt frontrekka hardt, Sondre Hovland, Albert Tjåland, Vetle Apneseth, Leander Egeland og Kristen Reime var alle uaktuelle.
Geir Høyland vikarierte som midtspiss, men måtte ut med skade etter berre 19 minutt.
Bogafjell skora på straffe før kampen og hadde eit skot på Rosselandmålet i løpet av kampen. Dei kvite kunne ligga bak og satsa på kontringar mot eit oppjaga bortelag . Den tidvis intense jaginga framover resulterte ikkje i skoring før midt i andre omgang, då var kreftene i ferd med å ta slutt. Herman Rugland sette ein retur i mål før krampa tok han. Gjestene gjorde grep for å få den avgjerande skoringa, men det ville seg ikkje for Peter Time, Jarle Madland eller Eskil Tjåland.
Rosseland var det klart beste laget og hadde fortent meir, men denne kvelden hadde Bogafjell mest å by på. To utslitne lag måtte ha straffesparkkonkurranse for å avgjere duellen. Heimelaget, som hadde forsvart seg godt i 95 minutt og hadde alt å vinna, skora på fire forsøk frå 11 meter. Eit meir enn Rosseland.
Dermed er Rosseland ute av Rogalandscupen for denne gong.