Hendelser
-
5'
-
27'
-
Robert Undheim Mål39'
-
Kristen Reime Gult45'
- Pause
-
46'
-
62'
-
65'
-
73'
-
73'
-
79'
-
84'Joar Kvalbein Skjørestad Gult
-
Ola Mæland Rødt84'
-
90'
Lag
Rosseland BK
Startoppstilling
- 1Steffen Olsson Bolme
- 4Peter Aarrestad Time
- 7Jarle Madland
- 20Even Aasen
- 27Vetle Svalestad Hovland
- 8Geir Dahle Høyland
- 22Einar Tunheim Lye
- 41Truls Sælevik Vagle
- 10Robert Undheim
- 15Albert Braut Tjåland
- 99Kristen Reime
Innbyttere
Hana IL
Startoppstilling
Pål Vestly Heigre
Linus Monsen Furenes
Einar Kvalbein Skjørestad
Casper Svarstad Hebnes
Joar Kvalbein Skjørestad
Glenn Bungum Levang
Thomas Gabriel Minde
Henrik Andreas Dybdahl
Eirik Skavhaug Larsson
Jesper Sundem Barlaug
Christian Øen Lithun
Innbyttere
Andreas Malde Breimyr
Michael Onyeka Eze
Henrik Malde Breimyr
Sverre Selanger
Kamprapport
Albert Braut Tjåland skora sitt 25., 26. og 27. seriemål mot Hana torsdag, i seriekamp nummer 17. Det gjer eit ganske absurd målsnitt på 1,35 skoringar per kamp.
Rosseland har ikkje hatt ein meir effektiv spiss sidan Svein Høgemark herja i 1996-sesongen. «Postmannen» enda opp med 49 mål i alle turneringar, men hadde 31 mål på 19 seriekampar.
Sjølv om Braut Tjåland, som postmannen, leverer på bestilling, var kampen mot eit godt Hana-lag først og fremst ein lagsiger. Frå fløyta gjekk for første gong og fram til pause leverte dei oransje ein heseblesande omgang kollektivt. Tøffe i duellspelet, raske i overgangane og med mykje godt pasningsspel.
Robert Undheim trong eit par angrep for å venda seg til Rosseland sitt angrepsspel, men krona til slutt ein flott omgang med skoring i debuten.
Bakover var det solid over heile linja. Dei få ballane Einar Lye ikkje greidde å springa opp, hadde Peter Time, Vetle Hovland, Jarle Madland og Even Aasen full kontroll på.
Andre omgang starta òg friskt. 4–0 kom ganske tidleg, og Rosseland hadde gode sjansar til å auka leiinga. Ola Mæland kom inn og storspelte, til Hana-forsvararane si store fortviling. Dei gule heiv seg føre ballen og inn kroppen for å stoppa innbytteren. Til slutt rann det over for Mæland, som fekk sjå det raude kortet etter ein spontanreaksjon.
Redusert til ti mann var ikkje Rosseland like farlege. På slutten handla det om å halda nullen bakover. Steffen Bolme vart ikkje sett på mange prøver, og kampen enda 4–0.