Hendelser
-
38'Noa Gjøse Oftedal Gult
- Pause
-
63'
-
Truls Sælevik Vagle Gult64'
-
67'Håkon Steen Mål
-
Eskil Tjåland Gult67'
-
74'
-
Einar Tunheim Lye Gult78'
-
80'Håkon Steen Gult
-
82'
-
82'
-
87'
-
87'
-
88'
-
90'
Lag
Rosseland BK
Startoppstilling
- 1Steffen Olsson Bolme
- 2Olav Aske
- 7Jarle Madland
- 20Even Aasen
- 27Vetle Svalestad Hovland
- 8Geir Dahle Høyland
- 16Vetle Johannessen Apneseth
- 22Einar Tunheim Lye
- 41Truls Sælevik Vagle
- 15Albert Braut Tjåland
- 99Kristen Reime
Innbyttere
Bryne FK II
Startoppstilling
12. Andreas Ghezai Grøttjord
2. Håkon Tveit
3. Bjørn Torgersen Jonassen
5. Noa Gjøse Oftedal
16. Erik Endresen Veivåg
8. Timian Wetteland
10. Lucas Roland
11. Håkon Steen
15. Mario Elias Bøe
7. Martin Åmot Lye
9. Jaran Eike Østrem
Innbyttere
1. Bjørn Erik Taksdal
6. Espen Krogedal
14. Emrik Andersen
17. Joar Auestad
18. Marius Espinosa Haugstad
19. Trygve Alsvik Lygren
20. Hans Ailo Siri
Kamprapport
Etter ein tung start på kampen fekk Rosseland opp dampen utover i første omgang heime mot eit godt, ungt Bryne-lag.
Heimelaget spelte seg til fleire gode sjansar, men var ikkje like effektive som mot Riska. Kristen Reime missa åleine med keeper, og Albert Tjåland hadde òg eit par feite sjansar til å senda heimelaget i føringa. Vetle Apneseth vart lagt i bakken, men fekk ikkje straffespark.
Andre omgang vart tettare. Bryne II hang med og forsvarte seg godt. Gode dødballføter skapte uro i forsvaret til dei oransje, men Vetle Hovland, Truls Vagle og Jarle Madland stanga unna det meste.
Så, midtvegs i omgangen, vart det raud jubel. Bryne II kom rundt på venstrekanten og spelte ut eit ryggande RBK-forsvar. Håkon Steen fekk heada i tomt mål – 1–0 til gjestene.
Etter skoringa brukte dei unge brynespelarane tida godt. Keeper tok telling eit par gonger, og krampa tok etter kvart banens beste, Martin Åmot Lye. Kreftene tok slutt, men då laget fekk eit billig straffespark 12 minutt før full tid, vart det tent eit nytt håp.
Steffen Bolme knuste håpet då han redda straffa, men heimelaget fann nye krefter. Gode byte og taktiske grep gjorde at Rosseland kom høgare i banen.
Albert Tjåland trudde han hadde utlikna, men dommaren annullerte noko merkeleg for offside.
Presset resulterte likevel til slutt i ei velfortent skoring – eit kremmarhus signert Vetle Apneseth.
Heimelaget ville ha meir og fekk nok ein gong betalt for det høge presset. Leander Seland Egelands knallperle på overtid var både flott og viktig, og gav full jubel på Rosselandsbenken, hjå speakeren og blant mesteparten av dei rundt 300 frammøtte tilskodarane.
Tilleggstida på sju minutt vart ein sjarmøretappe då kreftene hadde teke slutt hjå dei unge håpefulle.