Hendelser
-
24'Even Aasen Gult
-
34'
- Pause
-
Ole Varhaug Mål46'
-
55'
-
61'
-
64'Geir Dahle Høyland Gult
-
71'
-
Fredrik Tuen Gult82'
-
82'
-
Ole Varhaug Gult85'
-
86'
-
Leon Nord-Varhaug Romvig Gult89'
-
Simon Sæternes Stapnes Gult90'
-
90'
Lag
Varhaug IL
Startoppstilling
1 Ruben Dvergsdal
4 Arian Ødegård
16 Fredrik Gudmestad
21 Leon Nord-Varhaug Romvig
23 Ole Varhaug
10 Narve Bø
17 Andreas Ueland
27 Sondre Dvergsdal
6 Lars-Trygve Madland
11 Fredrik Husveg
24 Ådne Nærland
Innbyttere
2 Vetle Håland
9 Eirik Bergli
14 Fredrik Tuen
15 Alexander Hjelmhaug
19 Martin Skeie
5 Svein Terje Netland Sinland
22 Preben Skrettingland
99 Ådne Årstøl Salte
Rosseland BK
Startoppstilling
- 1Steffen Olsson Bolme
- 4Peter Aarrestad Time
- 7Jarle Madland
- 20Even Aasen
- 27Vetle Svalestad Hovland
- 8Geir Dahle Høyland
- 16Vetle Johannessen Apneseth
- 41Truls Sælevik Vagle
- 9Sondre Svalestad Hovland
- 24Øyvind Kverneland Braaten
- 99Kristen Reime
Innbyttere
Kamprapport
I fjor stakk Varhaug av med alle poenga i sluttminutta av naboduellen mot Rosseland. Dette året fekk dei oransje ein herleg revansj. Med fem minutt igjen av ordinær tid sette Kristen Reime på turboen, vart lagt i bakken og fekk frispark på 17,5 meter. Frå den distansen er Truls Sælevik Vagle livsfarleg, og via stolpen sendte han dei oransje til himmels.
Rosseland var det beste laget i starten av første omgang. Laget spelte seg til fleire sjanser og det var ikkje ufortent at laget tok leiinga på straffespark. Jarle Madland fekk straffe mot Varhaugs unge venstreback og Truls Vagle var iskald frå ellevemeteren.
Etter scoringa la Rosseland seg litt bakpå og heimelaget tok meir og meir over. Rosseland hadde kontroll på Narve Bø og Fredrik Husveg på dødballane, men vart tekna på senga då midtstopper Ole Varhaug plutseleg kom i skotposisjon. 1-1 rett før pause var ein liten kalddusj for gjestene frå Bryne.
Varhaug jaga 2-1 gjennom store deler av andre omgang, men kom til få verkeleg store målsjansar. Den eine gongen keeper Bolme var utspelt, sparka innbyttar Anders Dahle Thorsen ballen ut frå målstreken med eit heltemodig brassespark.
Fleire spelarar gjekk tomme på begge lag, og skadar gjorde at laga måtte bytte personell. Friske bein frå benken var med på å berga sigeren for Rosseland. Dei oransje heldt hovudet kaldt, var kyniske og kloke og drog ned tempoet på slutten. Då fløyta gjekk for full tid kunne Rosseland-spelarane endeleg juble på Iden igjen, godt nøgde med at innsats og klokskap kan gje tre poeng på ein middels dag.
Varhaug hadde grunn til å hengja med hovudet. Dei grøne var det beste laget i store deler av kampen, men var ikkje giftige nok føre mål.
Vetle Johannesen Apneseth var som vanleg god. Uheldigvis for Rosseland var kampen mot Varhaug den siste før studier i Portugal.
Han blir dermed ikkje med i den viktige kvartfinalen i Rogalandscupen mot Ølen sundag.