Kamprapport

Seriekamp 28. oktober 2022 · 19:00 Rosselandsbanen 180 tilskuere
Rosseland BK
3–2
Dommer: Terje Olsen

Hendelser

Rosseland BK Varhaug IL
  1. 19'
  2. 22'
  3. 30'
  4. 37'
  5. Pause
  6. 49'
    Selvmål Vetle Hovland Mål
  7. 49'
    Sondre Dvergsdal Gult
  8. 52'
  9. 65'
    Torben Dvergsdal Mål
  10. 66'
    Arild Auestad Gult
  11. 70'
  12. 81'
  13. 83'
  14. 86'
  15. 90'

Lag

Varhaug IL

Startoppstilling

1 Ruben Dvergsdal
4 Arian Ødegård
16 Fredrik Gudmestad
20 Arild Auestad
23 Ole Varhaug
8 Rasmus Auestad
10 Narve Bø
27 Sondre Dvergsdal
9 Torben Dvergsdal
11 Ovar Undheim Høyland
15 Ådne Nærland

Innbyttere

99 Bård Kydland
2 Imre Ødegård
3 Jonas Leirvåg Vaage
5 Tor-André Husveg
17 Gabriel Husveg
21 Vetle Håland
26 Oddbjørn Braut

Kamprapport

Gjestene frå Hå hadde framleis sjansen til å vinna divisjonen og KM, men måtte ta poeng mot Rosseland samstundes som Madla måtte avgje poeng.
Grøntrøyene var voldsomt tende og sette heimelaget under stort press det første kvarteret i striregnet. Rosseland slo mykje langt og sleit med å etablera angrepsspel.
Det var difor litt mot spelets gang då Sondre Hovland sendte heimlaget i føringa. Etter eit nytt nedtak, på høgde med det beste i utlandet, fekk spissen tid og rom til å setje 1-0.
Hovland var og svært sentral då laget dobla leiinga. Ved å vinna ein viktig duell midt på banen, kunne dei oransje kontra to mot ein. Målscoraren sette fart og sette opp Kristen Reime, som enkelt trilla inn 2-0.
Same oppskrift ga 3-0. Ny kontring, igjen var Reime og Hovland sentrale, høgreback Jarle Madland tok det lange løpet ytterst og avslutta kontringa åleine med Ruben Dvergsdal. 3-0 til pause var kanskje ikkje heilt fortent ut i frå sjansar og spel, men heimelaget var effektive med vinden og regnet i ryggen.
Meldingar frå Stavanager om at Madla sleit mot Tasta gjorde at Varhaug på ingen måte gav opp. Grøntrøyene fekk og blod på tann då Vetle Hovland heada ballen i eige mål fire minutt etter sidebyttet. Sondre Hovland måtte ut med strekkskade og Rosseland gjorde det endå meir vanskeleg for seg sjølv då dei ga Varhaug nok ein sjanse til å redusera frå indirekte frispark på femmeteren. Med 3-2 og ein time igjen på klokka sende Varhaug meir og meir folk framover, Rosseland fekk store rom på kontringar.
Gjestene hadde dei fleste og største sjansane, men fekk aldri utligninga.
Dermed kunne Rosseland feira tre sigrar mot Varhaug på ein sesong og ein førebels andreplass på tabellen. Madla snudde kampen mot Tasta og er vinnar av divisjonen med ein kamp att å spele.