Kamprapport

Seriekamp 14. oktober 2022 · 19:00 Rosselandsbanen 100 tilskuere
Rosseland BK
6–0
Dommer: Georg Bårdsen

Hendelser

Rosseland BK Skjold
  1. 14'
  2. 34'
  3. 40'
  4. Pause
  5. 47'
  6. 49'
  7. 62'
    Halvor Hansen Gult
  8. 63'
  9. 64'
  10. 64'
  11. 71'
  12. 71'
  13. 80'

Lag

Skjold

Startoppstilling

77 Niklas Bådsvik Handeland
2 Daniel Urdal
3 Petter Haraldseid
5 Halvor Hansen
6 Oliver Ragnvaldjord Parfitt
8 Sander Hettervik
11 Adrian Bjørkelund Strand
15 Håvard Vihovde Hovland
19 Alfred Førre Bringedal
9 Håkon Mannsåker
21 Minte Kastaljanov

Innbyttere

13 Adrian Stokkenes Tjomsland
14 Espen Vormestrand Mellingen
18 Morten Frøyland
20 Jørgen Røksund
23 Nils Johan Vierdal
24 Ole Johan Ove Skare

Kamprapport

Bortelaget frå Grinde hadde mest å spele for i fredagens kamp på ein dyvåt Rosselandsbane. Skjold treng nokre fleire poeng for å vera heilt sikre på fornya kontrakt i fjerdedivisjon og opna best.
Etter 13 minutt feilvurderte RBK-forsvaret stussen i det våte kunstgraset og plutseleg var ein Skjold-spelar åleine med keeper. Sem Aleksander Bergene har vist storform i det siste og lot seg ikkje lure denne gongen heller. Ein flott beinparade sette i staden i gang ei Rosseland-kontring. Ballen gjekk inn til keeperen i motsett ende, men etter ein glipp havna ballen i beina til Vetle Hovland. Frå 20 meter løfta han ballen i tomt mål og heimelaget tok leiinga.
Skjold hadde eit par gode sjanser til å svare, men då Håkon Mannsåker måtte på legevakta med kragebeinsskade gjekk litt av lufta ut av gjestene.
Rosseland fossa på i takt med regnet. Peter Aarrestad Time fekk tre sjanser på corner. På det tredje forsøket kunne ikkje kapteinen bomma frå to meters hald. 2-0. Jarle Madland smalt inn 3-0 like etter, medan Anders Hognestad var på rett plass og sette inn 4-0 like før pause.
Kampens flottaste mål kom rett etter kvilen. Truls Vagle fann Sondre Hovland med ein flott pasning i bakrom. Hovland tok ned og dempa på spektakulært vis før han sette inn 5-0 åleine med keeper.
Hovland og Vagle var og sentrale bak Rosselands siste scoring. Hovland vart meid ned i straffefeltet, Vagle var sikker på straffe for andre kamp på rad. 6-0-siger!