Hendelser
-
37'Truls Sælevik Vagle Gult
- Pause
-
Adrian Fosse Årthun Mål49'
-
56'
-
Christoffer Talge Gult59'
-
70'
-
81'
-
Selvmål Mål84'
-
Fredrik Czybulla Marthiniussen Gult93'
Lag
Madla
Startoppstilling
1 Viljar Grønnevik
11 Christoffer Talge
17 Henrik Walder Johannessen Haavik
21 Ole Martin Ravnestad Kjørholt
24 Einar Holst-Larsen
7 Marius Danielsen
8 Markus Bø Tunge
9 Lars Sund
19 Fredrik Czybulla Marthiniussen
10 Preben Erland
15 Adrian Fosse Årthun
Innbyttere
14 Andrè Torgersen Rossavik
22 Jakob Bomo
Rosseland BK
Startoppstilling
- 1Sem Aleksander Bergene
- 4Peter Aarrestad Time
- 7Jarle Madland
- 27Vetle Svalestad Hovland
- 8Geir Dahle Høyland
- 10Svein Arne Monsen
- 16Vetle Johannessen Apneseth
- 22Einar Tunheim Lye
- 41Truls Sælevik Vagle
- 9Sondre Svalestad Hovland
- 99Kristen Reime
Innbyttere
Kamprapport
Etter seks serierunder utan tap, kom den første smultringen borte mot opprykksfavoritt Madla.
Gjestene stod godt i mot i ein tidvis jevn førsteomgang, og hadde et par gode sjansar til å ta leiinga.
Madla hadde og sine sjansar, Sem Aleksander Bergene storspelte bakerst hjå Rosseland.
Etter kvilen hadde ikkje Rosseland same intensitet og guts som dei siste 40 i første omgang. Dei oransje stod ganske passivt og såg på då heimelaget tråkla seg fri på høgrekanten. Rosseland-spelarane var utspelte og blokkeringa frå Svein Arne Monsen gjekk i eige mål berre tre minutt ut i omgangen.
Baklengsmålet tente Rosseland-spelarane og laget satsa litt meir framover for å få utlikninga. Det gjekk ikkje mange minutt før det ga uttelling. Eit godt frisparkinnlegg frå Truls Vagle gjekk over alle og inn i målet. 1-1!
Madla var ikkje ufarlege. Den ballsikre opprykksfavoritten kom mykje rundt på kantane og Preben Erland prøvde skotfoten både titt og ofte. Bergene rydda opp i det meste og var gjestene sin klart beste speler torsdag.
Ti minutt før slutt måtte sjølv Bergene melde tapt. Eit skot, som nok var på veg utanfor målet, traff Peter Time i ryggen, og trilla inn i det tomme målet til stor jubel frå heimelaget.
Nevnte Time vart sett fram på topp for å jakta ny utlikning og kapteinen kunne redda eit sterkt poeng åleine med Madla-keeperen på overtid. Keeperen redda skotet og to poeng for Madla, Rosseland måtte reisa tomhendte heim.